Ny dagleg leiar er på plass i North South Partnership Aid. Anders Myrene, frå Haddal på Sunnmøre, starta 1. januar i den nye jobben og har ikkje hatt så mange dagane på å sette seg inn i sine nye oppgåver. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Myrene at han har fleire års erfaring innanfor bistandsarbeid i andre organisasjonar, og han vil ta med seg desse erfaringane inn i sin nye jobb. Han er imponert over det lokale engasjementet som er rundt organisasjonen sitt arbeid på Sunnmøre og gler seg til å besøke arbeidet i Kenya i starten av februar.


På spørsmål om korleis det er å ta over leiarjobben i NSP Aid etter Gunnar Hamnøy, som starta organisasjonen og har leia den til no, så seier Myrene;


- Det blir sagt det er store sko å fylle og då seier eg at eg har med mine eigne sko. Vi må tilpasse arbeidet til eigen kvardag og eigen livssituasjon.