Han har kalla Kygo for "russebussmusikk på valium", og er ikkje kjend for verken å halde tilbake meiningane sine eller å vere redd for å hisse folk på seg. Einar "Engelen" Engelstad er ein norsk musikkjournalist og kritikar, og deleigar av Apollon platebar. Som tidlegare ML-ar har han jobba som både postbud, på smelteverk, i barnehage, radio, tv-butikk, på lager, med bygg - for å nemne noko.