Jula er like om hjørnet, og vi i Barn & bøker gir deg våre aller beste lesetips som garantert skaper julestemning for store og små. Vårt faste ekspertpanel anbefaler klassikarar og diskuterer kvifor enkelte bøker framleis står seg like godt i dag som for hundre år sidan, men kjem også med tips til nye julebøker til glede for heile familien.

Saknar du gode lesetips for akkurat den aldersgruppa ditt barn er i no? Eller treng du berre nye idear til kva som kan auke podens leselyst? Barn & bøker er bibliotekets eigen podkast for og om barnebøker, der tilsette ved barneavdelinga deler av sin rikhaldige kunnskap om barnelitteratur og det som rører seg i feltet akkurat no.

Det blir diskusjon om aktuelle tema og bøker, og ikkje minst, fast anbefalingsspalte der du får våre beste tips om gode bøker for alle aldersgrupper.