Foredrag ved Gunnar Skirbekk. Han er ein velkjend filosof, og skriv i boka "Religion i moderne samfunn" om nokre av dei mest omdiskuterte tema her i landet i dei siste åra.

Første del handlar om forholdet mellom vitskap og religion, i eit vitskapsteoretisk perspektiv.
Andre del handlar om religion og ytringsfridom, slik det ter seg i moderne rettsstatar.
Tredje del handlar om religion og religionspolitikk i moderne og generøse velferdsstatar.
Fjerde og siste del drøftar eit par aktuelle bidrag i diskusjonen om religion i moderne samfunn, nemleg Jürgen Habermas’ bokverk frå 2019 og ei bok om islam av den tyrkisk-­amerikanske samfunnsvitaren Ahmet T. Kuru.