Nervepirrande, dramatiske, kontroversielle - straffespark har ein heilt særmerkt plass i fotballfolk sine hjarta.

Meir enn tjue år etter at det hendte, kan alle nordmenn stadig hugse kor dei var då Kjetil Rekdal scora på straffe mot Brasil. Med ellevemetersmerket som omdreiingspunkt, tek den kritikarroste forfattaren Nils Henrik Smith lesaren med på ei høgst original og forunderleg reise gjennom straffesparkets brokete historie, frå den irske landsbygda på 1800-talet fram til dagens straffekonkurransar og VAR-kontroversar. Her er innsiktsfulle skildringar av legendariske skyttarar og målvakter. «11 meter» er eit oppkome av ukjende, ofte absurde anekdotar, fortalt med lidenskapen til ein ekte fotballkjennar.

«Det beste som har skjedd norsk fotballitteratur sidan VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad. ... ei strålande fotballbok.» - Stavanger Aftenblad (Terningkast 6)

«en vitenskapelig, humoristisk, litterær og informativ bok om straffesparkets historie.» - Bok365 (terningkast 5)

«Fulltreffer om straffesparkets historie» - Aftenposten

Nils Henrik Smith vert her intervjua av Joakim Randa Berthelsen.
Han er musikk- og litteraturmeldar som stadig får livet øydelagt av Brann. Han er gamal keeper med erfaring med straffespark utanom det litterære.

Opptak fra arrangement på Bergen offentlige bibliotek den 3. oktober 2020.