Den franske kunstnaren Henri Matisse (1869-1954) er kjend som ein av dei aller ypparste av dei tidlege modernistane. Han er kjend for sine fargesterke maleri, sine komposisjonar og hyllest av menneskekroppen. I perioden 1908 til 1911 hadde Matisse sin eigen kunstskule i Paris. Her reiste mange norske kunstnarar og kunststudentar, for å studere under Matisse. Jean Heiberg, Per Krohg, Axel Revold, Henrik Sørensen var nokon av desse. I dette foredraget høyrer vi meir om dei nye kunstretningane som møtte studentane i Paris, kva dei tok med seg heim av inspirasjon og kva retning dei tok kunstnarisk.

Dette er del to av foredragsrekka om den fabelaktige Henri Matisse, av kunstformidlar Renate Rivedal.